Vinduet. Nr. 3 2018

Maria Horvei
Heftet | Nivå: Voksen | Serie: Vinduet | Sidetall: 114 | BokmålEAN: 9788205516250

Innbinding: Heftet
Pr stk:
180 kr

Beskrivelse

Les om W.B. Yeats, Rocky, Camilla Collett, Trude Marstein - og mykje meir.

51 år etter at han sjølv debuterte som forfattar i dette tidsskriftet, er Torstein Bugge Høverstad tilbake på Vinduets sider - og det med den første større gjendiktinga av W.B. Yeats til norsk nokon gong, i følgje med eit essay om mannen og diktinga.
Utgåva inneheld vidare ei drøfting av Camilla Collett og Emilie Diriks sitt til no lite omtalte tidsskrift Forloren Skildpadde, ført i pennen av Nina Schjønsby. Jan Grue skriv om Joan Didion sine politiske essay, Hanna Dahl intervjuer Trude Marstein og Rocky-omsettar Dag F. Gravem skriv om sine tjue år i den svenske teikneseriehundens teneste. For ikkje å gløyme Hilde Rød-Larsen sin tekst om Elizabeth Strout, Tora Lane sin tekst den russiske revolusjonen og eit utdrag frå Tiril Broch Aakre si komande bok.
Og det stoppar ikkje der: Rachel Cusk, Jenny Offill, Maggie Nelson og Sarah Manguso har svart på spørsmål om å skrive om å få barn, Joakim Kjørsvik har skrive ein ekfrase, Sandra Vaka Olsen bidreg med ein biletserie og Vilde Sagstad Imeland med ei jubileumshelsing til Den lille prinsen. Og meldingar, så klart - av dei siste bøkene til Rachel Kushner, Richard Brautigan, Helle Helle og Amalie Kasin Lerstang.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.