Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag

Synnøve Matre
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 115 | Flerspråklig | EAN: 9788251921688

Innbinding: Heftet
Pris:
339 kr

Beskrivelse

Skriftleg kommunikasjon er blitt ein nøkkelkompetanse i dagens samfunn. Det blir skrive meir enn nokon gong før, både fagleg og privat, i utdanning og arbeidsliv. Vi sender e-post og SMS, skriv instruksjonar og rapportar, deltar i nettdiskusjonar og chat-grupper - for å nemna noko. Samstundes har mange av dei muligheitene som ligg i skrift til å lagra, sortera, vurdera og vidareutvikla kunnskap, ført til at skriving framstår som ein vesentleg kunnskapsstrategi og innovasjonsstrategi. Skriving er blitt viktig i alle fag - og i dei aller fleste arbeidssituasjonar. Skriving har altså fått ein sterk oppsving - og det har skjedd fort. Denne boka presenterer ei rekkje artiklar som alle kretsar kring utfordringar knytt til skriveopplæring og skriveforsking i dag.
Artiklane drøftar mellom anna følgjande tema: - kva kunnskap har vi faktisk om barn og unges skriveutvikling i dag? - Korleis skjer eigentleg utviklinga? . kva inneber eit literacy-begrep tilpassa vår tid? - nettsamtalar og utvikling av digital skrivekompetanse. - korleis nyttar barn skriving i læringa si i ulike fag? - kven er risikoskrivarane i skolen - dei som skriv utan sikkerheitsnett? - kva skrivedidaktiske utfordringar har vi framfor oss?
Artiklane byggjer på presentasjonar på det nasjonale seminaret. "Utfordringar for skriveopplæring og skriveforsking i dag", arrangert av Høgskolen i Sør-Trøndelag, Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, i Trondheim i juni 2005. Bidragsytarane er alle sentrale aktørar innanfor skriveforskingsmiljøet i Noreg.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.