Tre vegar til havet: roman

Brit Bildøen
Innbundet | Nivå: Voksen | Sidetall: 155 | Nynorsk | EAN: 9788252197501

Innbinding: Innbundet
Pris:
379 kr

Beskrivelse

Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar.
Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt.
Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv.

Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I «Tre vegar til havet» skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Bla-i-boka

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.