Stress og korleis leve med det: 9 historier, 14 tips

Anne Gunn Halvorsen
Innbundet | Nivå: Voksen | Sidetall: 145 | Nynorsk | EAN: 9788252196894

Innbinding: Innbundet
Pris:
299 kr

Beskrivelse

Kvifor er vi så stressa, og kva kan vi gjere med det?

Anne Gunn Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.

«Stress og korleis leve med det» er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.