Sjonglering og bjugnlering: dikt og tekstar i samling 1972-1999

Sissel Solbjørg Bjugn
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 464 | Nynorsk | EAN: 9788252180862

Innbinding: Heftet
Pris:
399 kr

Beskrivelse

Frå tidleg i 1970-åra markerte Sissel Solbjørg Bjugn seg med djupt originale
og intellektuelt språkleikande tekstar.

Det har knapt komme noko frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho eksperimenterte med montasjar, typografiske figurdikt og tekstar der ho uredd fletta inn sine eigne sofistikerte blyantteikningar. Ho blei ein fornyar av den norske surrealismen gjennom sprelsk og uhøgtideleg omgang med tradisjonell og modernistisk poesi. For debutsamlinga «Den første avisa på Lofotveggen» (1978) fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris. Bjugns tekstar er ofte eg-sentrerte, med markant intellektuelle drag og flittig bruk av ekte og mindre eksakte sitat og allusjonar - frå bibelske, litteraturteoretiske og filosofiske tekstar til slager- og rocketekstar.

I denne boka er dei seks bøkene ho gav ut for vaksne, samla: Den første avisa på «Lofotveggen» (1978), «Spenn beltet kring livet og hald lampa tend!» (1981), «Den magre narsissisten» (1984), «Bye, bye» (1989), «Tornekysset» (1992) og «Depp» (1999).

Forord ved Einar Økland.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.