Oktobersong

Øystein Hauge
Innbundet | Nivå: Voksen | NynorskEAN: 9788269197501

Innbinding: Innbundet
Pr stk:
302 kr 345 kr

Beskrivelse

Endeleg er Øystein Hauge tilbake med nye dikt.

Poesien hans har jo vore der heile tida: I dei seks diktsamlingene han ga ut f.o.m. 2000 og fram til 2012. I dei godt over tjue diktantologiane han er representert i. Og i sosiale medier der kortdikta hans lenge har vore blant dei mest delte. Men no kan du også legge til i denne rekka Oktobersong. Med ei samling tekstar prega av god observasjonsevne syner forfattaren fram for deg også i denne samlinga det eine sylskarpe lysbiletet etter det andre. Originale og slitesterke poetiske fotografi. Ei diktbok som tross store sprang i tid og tematikk evner å spegle kvardagen gjennom litterære verkemiddel vi kjenner m.a. frå austleg poesi.

«Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass, er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskapen sin i akkurat dette». Det er Tiden Norsk Forlag som skriv. Og året er 2010 då forlaget ga ut samlinga Stilleben. I Oktobersong vil du finne att heile dikt, delar eller fragment av tidlegare publiserte tekstar, henta frå alle dei tidlegare diktsamlingene hans. Men først og fremst er dette ei bok med rykande ferske, nyskrivne dikt. Nærmare 400 i talet.

Gjennom to tiår har poesien til Hauge også vore å finne i det offentlege rommet: Bak på bussar og i trikken. I t-skjorter og i lydinstallasjonar. Som mobilpoesi i samarbeid med Dagbladet. På ferjer og i hotellrom. Og i lærebøker i skulen. Fleire av desse tekstane vil du også finne att i boka.

"Filmatisk og fargerik poesi" var avistittelen då VG meldte "Fotografi av to som dansar". OKTOBERSONG er blitt ein aldri så liten murstein av ei diktsamling. Men der dei fleste tekstane står fram for lesaren i ei minimalistisk, mild og lægmælt form.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.