Loven vest for Pecos: og andre essays om populærkunst og kulturindustri

Kjartan Fløgstad
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 162 | Nynorsk | EAN: 9788205275249

Innbinding: Heftet
Pris:
199 kr

Beskrivelse

Dei hevder, på ulike vis, at skilnadene mellom «høg» og «låg» kunst, mellom dei kunstverka som blir skapte innanfor offisielle kulturinstitusjonar på den eine sida, og det som kulturindustrien framstiller for det moderne massepublikum på den andre sida, er mindre enn ein vanlegvis førestiller seg. Eller dei er i alle høve av ein annan karakter. Og sjølve det å etablera slike falske skilje har fått katastrofale følgjer for den samfunnsmessige plasseringa av kunsten i utvikla og industrialiserte delar av verda, meiner Fløgstad. Loven vest for Pecos har vorte ein referansetekst innanfor kulturteorien, og har inspirert ein heil generasjon kunst- og litteraturinteresserte i Norge. Ein klassikar som endeleg er tilgjengeleg igjen i bokform. Kjartan Fløgstad (f. 1944) har gitt ut dikt og gjendiktingar, prosastykke og forteljingar, romanar, essay og dokumentarbøker, bl.a. Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980), Det 7. klima (1986), Kron og mynt (1998) og Sudamericana (2000). Fløgstad har dessutan blitt tildelt ei rekkje litterære utmerkingar, som til dømes Nordisk Råds litteraturpris, Brage-prisen og Gyldendal-prisen.]]>

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Mastercard Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.