Grammeno for alltid

Nils-Egil Kjesæth
Innbundet | Nivå: Voksen | Sidetall: 156 | Nynorsk | EAN: 9788230020104

Innbinding: Innbundet
Pris:
299 kr

Beskrivelse

Når eg les kva eg skriv, forstår eg kva eg tenkjer, seier forfattaren.

Her kjem nok ei lettlest bok av Nils-Egil Kjesæth. I denne boka tek han mor si med på ei reise gjennom livet. Med ei blanding av nynorsk prosa og poesi skildrar han tankar og erfaringar frå eit innhaldsrikt liv. Både som klient og som terapeut. Dikt om kjensler. Gode og vonde. Alvor og humor.
Om liv. Om død.

Har hundar språk? Ikkje det? Her kan du lesa hunden Jesper sin bryllaupstale til dei han elskar. Å skriva er å setja ei snare for tankar som flyg.
Setje lys på dei så me kan sjå og forstå. Bli med å sjå kva som har gått i forfattarens snare denne gongen.

Nils-Egil Kjesæth driv privatpraksis i Bergen, bergenfamilieradgivning.no. Han har bakgrunn som psykiatrisk pasient og rusmisbrukar for omlag 40 år sidan, og vart tilslutt tilkjent full uførepensjon. Etter denne perioden i livet har han mange års erfaring som institusjonssjef og fagsjef fleire stader i landet. Frå 1993 til 2018 har han vore tilsett ved offentleg familiekontor i Bergen.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.