Din tur!: metodebok for aktiv norskopplæring

Toril Kristin Sjo
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 218 | Nynorsk | EAN: 9788232103379

Innbinding: Heftet
Pris:
369 kr

Beskrivelse

Treng du tips til å aktivisere studentane dine? Ynskjer du å variere undervisninga? Synest du at det er vanskeleg å få alle til å snakke og bidra i klassen? Ynskjer du at studentane skal ta meir aktivt del i eiga læring?


I denne boka finn du over hundre konkrete tips til korleis du kan aktivisere studentane dine. Enkle og systematiske øvingar blir forklarte med døme frå undervisning i norsk som andrespråk, men øvingane kan lett tilpassast andre fag både i grunnutdanning og høgare utdanning.


Dei didaktiske tipsa er solid grunna i forsking som viser at det å delta aktivt for å utvikle eigen kunnskap er avgjerande for læring ikkje minst for språklæring. For å bli god i eit språk må ein både høyre det, prøve det ut og bruke det. Når studentane får tid, plikt og rett til å delta og bruke si stemme i læringssituasjonen, får dei styrkt læringsmoglegheitene sine.


Toril Kristin Sjo er frå Halsnøy i Sunnhordland, men har budd i Oslo i nesten heile sitt vaksne liv. Ho er førstelektor i norsk som andrespråk og underviser i norsk for internasjonale studentar ved Universitetet i Oslo. Ho har halde mange kurs for lærarar, både i grunnskule, vaksenopplæring og høgare utdanning, mellom anna i samarbeid med Kompetanse Norge og Utdanningsetaten i Oslo.





Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.