Det store Oslo-ranet: torpedoen, spekulanten og byrådet

Erling Folkvord
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 174 | Nynorsk | EAN: 9788243009523

Innbinding: Heftet
Pris:
299 kr

Beskrivelse

Salet av sjukehusboligane i 2001 var eit ran av Oslo-befolkninga, meiner forfattar Erling Folkvord. Ei gruppe spekulantar jakta på ein supergevinst da Bystyret la ut 18 leigegårdar på billigsal. Dei få utvalde som ville kjøpe, måtte ha politikarhjelp i Rådhuset. No samlar Folkvord trådane og dokumenterer kven dei var. I boka presenterer han nye opplysninger, om politikarane og om finansfolka som deltok i det store pengespelet.

Motstanden vart hard. Dei møtte veggen, både dei som trudde dei raskt skulle bli svært rike, og dei gode hjelparane på toppen i Oslo-politikken. Regjeringa kom óg inn på banen. Ei lokal Oslo-sak vart rikspolitikk. I jakta på milliard-gevinsten tydde ein eller fleire av aktørane til metodar ingen tidlegare hadde brukt i Oslo-politikken.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.