Babylonsk harpe: dikt

Arnfinn Haram
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 94 | NynorskEAN: 9788292922309

Innbinding: Heftet
Pr stk:
239 kr

Beskrivelse

Arnfinn Haram treivst i den mjuk-kvite munkekappa si, om så var på Skavlan, og den blodraude blyanten hans fór rundt som ein profet kledt i eit moderne språk, om det så var i Klassekampen eller Vårt Land; ei essay- og artikkelsamling vart innkjøpt av Kulturrådet.
Då han brått døde i 2012 var førebuingane til ei diktsamling godt i gang, og Eskil Skjeldal og Ronny Spaans har ført arbeidet fram. I «Babylonsk Harpe» syner diktaren gleda og kampen sin i horisontale relasjonar og framfor Gud. Vi kjem han nær på ein heilt annan måte enn i prosaen hans, og dei mystiske draga ligg som understraumar i dikta. Samstundes er det ei jordfesta samling, tydeleg prega av diktaren sin store kjærleik til naturen. I etterordet skriv kulturredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, meir om Harams engasjement og trekkjer blant anna vekslar på sine djupe kunnskapar om Olav H. Hauge.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.