Arbeidsinkludering av utsett ungdom: i lys av Supported Employment og kapabilitetstilnærminga

Kjetil Frøyland
Heftet | Nivå: Voksen | Sidetall: 160 | Nynorsk | EAN: 9788245033144

Innbinding: Heftet
Pris:
339 kr
Sendes om 1-4 virkedager

Beskrivelse

Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna.
Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv.
Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15-25 år med å finne arbeid.
Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet - storbyuniversitetet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.