Alt er politikk: Hagbard Berner og hans tid

Sindre Hovdenakk
Innbundet | Nivå: Voksen | Sidetall: 200 | NynorskEAN: 9788252166521

Innbinding: Innbundet
Pr stk:
389 kr

Beskrivelse

Politikaren, publisisten, gründaren og strategen Hagbard Emanuel Berner (1839-1920) var ein mangfaldig aktivist. Han var grunnleggjar og første redaktør av Dagbladet, grunnleggjar og første formann i Norsk Kvinnesaksforening, han grunnla Det Norske Samlaget, og han sat i ni år på Stortinget for Venstre. Han var engasjert i likbrenningssaka, og han var kjent som Flagg-Berner - mannen bak det reine norske flagget. Han var borgarmeister i Kristiania i 15 år, og før det hadde han vore direktør i Hypotekbanken like lenge. Og statsrevisor endå lengre. Hagbard Berner var eit prisme for si tid. Ein radikal blekksprut og strateg, som visste kor viktig det var med organisering og alliansebygging. Han sto midt oppe i det store venstreprosjektet som forandra Noreg i siste halvdel av 1800-talet. Dette er eit portrett av ein mann, hans miljø og hans tid. Ei tid då alt var politikk.

Betaling og sikkerhet

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Vipps Visa

Din betaling er sikker. Vi lagrer ikke kortdetaljer og har ikke tilgang til dine kort.