Ein mann reknar ut sekundane i eit lysår Eit barn sit på trappa med ei brødskive Ein soldat lyfter geværet Ei sorg søkk gjennom universet
Tid, rom og matematiske lover er sentrale omgrep i denne diktsamlinga. Dei set rammer for mennesket sitt tilvere. Fødsel, død og politiske hendingar finn stad i same sekund på ulike stader på kloden. Dikta er prega av kjærleik til menneska, noko som er styrken og sentrumet i samlinga. Algebraisk er Odveig Klyves 5. diktsamling.
]]>
«"Bokas dikt spring ut av ein indre trong til å seia nett det som vert sagt. Vakkert, musikalsk og med ein opplagt plass i rommet for dei beste dikta. Blandinga av poesi og tal, natur og spørsmål, gjer at ein ser at poesien og matematikken er to ulike språk menneska grip etter røynda med. " Helge Torvund, Dagbladet»«"Hennes nye samling setter gleden og lidelsen i et universelt perspektiv og formidler - enkelt og stillferdig - viktig innsikt om forholdet mellom det timelige og det evige. " Arne Hugo Stølan, VG»