Beskrivelse
Det er trugande avgrunnar i diktinga hennar; den tragiske historia til den nordamerikanske urbefolkinga og hennar eiga eksistensielle redsle. Det historiske og personlege heng saman på ein særskild måte hos Harjo. Ho viser det indianske folkets tragedie, ikkje gjennom store slag og konfliktar, men i kvardagen, i redsle, i tankar, i rus, i kjærleik og mangel på kjærleik. Ho kartlegg fornedringa for dagens indianarar. Ho gjer det hardt, men også forsonleg.
Gjendiktet ved Lars Amund Vaage
]]>