(0) produkter
Du har ingen varer i handlekurven.
Kategorier
    Filtre
    Preferanser
    Søk

    Kaldal, Ingar

    Sorter etter

    Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie

    249,-
    Boka gir oversyn over viktige endringar i historieskrivinga dei siste tiåra, frå sosialhistorie slik ho fekk sin form på 1970-talet, til meir kulturorienterte retningar. Boka presenterer utviklingstrekk innanfor dette feltet, og drøftar kva metodiske og epistemologiske aspekt dette inneber. Boka er skriven for studentar i historie, men kan også vere nyttig for studentar i etnologi og folkloristikk.

    Historisk forsking, forståing og forteljing

    329,-
    Boka gir ei innføring i kva det vil seie å utforske noko historisk. Forfattaren gjennomgår metodiske sider ved bruk av historisk materiale, og ulike typar historiske forklaringar blir diskuterte. Særleg vekt blir lagd på å presentere perspektiv som er vorte aktualiserte i seinare år, der spørsmål om historie som litteratur og forteljing har stått sentralt. Forfattaren reflekterer over kva det vil seie å studere menneskeliv, kultur og samfunn historisk, og kva eit slikt studium byr på både av problem og potensial. Til slutt gir boka ei kritisk drøfting av nokre av dei vanlegaste grunnane til å søke historisk kunnskap og forståing. Boka er skriven for studentar og forskarar i historie, og er også relevant for andre fag der historisk forståing er viktig, som etnologi, antropologi, sosiologi og andre samfunns-, kultur- og mediefag. Har stikkordregister.

    Minner som prosesser

    349,-

    Tøft å tåle

    175,- 199,-

    Kaldal, Ingar