Kategorier
    Filtre
    Preferanser
    Søk

    Garborg, Arne

    Sorter etter

    Bondestudentar

    169,-

    Det stig av hav eit alveland

    150,-
    Boka inneheld diktet Landet vårt, som vart prenta første gong i 1878 med tittelen Norsk fedrelandssong, og dikt frå diktsyklusen Haugtussa (1895).

    Fred

    305,-
    Livet til hovudpersonen, Enok Hòve, er alt anna enn fredfylt. Han gruvlar natt og dag, strir med Vårherre, piner seg sjølv og familien. Til slutt tek angsten heilt over og driv han i døden for eiga hand. Samstundes teiknar boka eit mektig bildet av jær-naturen og fortel mykje om det store omskiftet i økonomi og kultur som reiv opp det gamle, trygge bygdelivet. Boka er ein djuptborande studie i religionspsykologi innafor eit samfunn i omforming.

    Haugtussa

    262,- 299,-
    Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik.

    Haugtussa

    262,- 299,-

    Haugtussa

    149,-
    Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik. I hovedrollene: Laila Goody, Marit Synnøve Berg og Jørgen Langhelle.

    Ramakvædet

    299,-

    Skrifter i samling. Bd. 2

    199,-
    Mannfolk (1886) kom ut i midt i den store nordiske debatten om seksualmoralen. Stoffet er stort sett henta frå student- og kunstnarmiljø, og boka er ein kollektivroman med fleire hovudpersonar. Her er mange kjærleiksforhold, men dei går alle over styr, og personane blir øydelagde i konflikten mellom ideal og røyndom. Uforsonlige (1888) er eit skodespel som var særs aktuelt i samtida, eit sterkt angrep på politisk holdningsløyse, ein satire over dei radikale som let seg kjøpe, dei uforsonlege som gjerne gir etter når det krevst. Fleire av personane har førebilete i det politiske livet i tida.

    Skrifter i samling. Bd. 3

    199,-
    Hjå ho mor (1890) kom ut samstundes både på norsk og dansk (Hos mama), og Garborg ønskte med denne forteljinga å skape eit sidestykke og motstykke til romanen Mannfolk frå 1886. Boka fortel om ei ung jente som får øydelagt kjærleiksevnene sine av ei småborgarleg og snerpete oppseding. Mora vil at den unge Fanny skal bli ei fin dame, men dermed mistar ho mest av alt sitt sjølvstende under oppveksten. Ho blir usikker, utan livsmot og eigenvilje. Og ho giftar seg med den halvgamle mannen som har alliert seg med mora.

    Skrifter i samling. Bd. 6

    199,-
    Læraren (1896): Vi møter Paulus Hòve, son til Enok i Fred. Verket er ei drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein fårleg mann. Den burtkomne faderen (1899): Hovudpersonen er Gunnar Hòve, bror til Paulus. Han har kome attende til heimbygda etter mange år i utlandet, trøytt av materialisme og innhaldsløyse. Det blir Paulus som til slutt gir han kvila si att, med trua på kjærleiken, den sigrande livsmakta. Heimkomin son (1908): Her blir tankane frå Den burtkomne faderen knytta til praktisk arbeid i jordbruket, ettersom brorskapstanken blir innfelt i jordspørsmålet.

    Småsporven

    201,- 229,-
    Dikta i denne boka er henta frå Haugtussa som Garborg skreiv i 1895. Den inneheld Småsporven gjeng i tunet, Killingdans, D'er haust, det ruskar ute, Å stakkars vesle hare og Blåbærli.

    Trætte mænd

    262,- 299,-

    Garborg, Arne