Kvar skal vi reise no?
Gunnar Garfors for Notabene

Iår vil vi vesterveg. Etter to somrar med avgrensa utanlandsturar og eit skrikande behov for klimakutt innan alle sektorar er det ting som tyder på at vi ønskjer å halde fram med å reise i eige land – og ikkje berre om sommaren. Ved å byte ut nokre av helgeturane elles i året til London, Paris og New York med kortare hopp til Vesterålen, Haugalandet eller Lister kuttar vi ikkje berre utslepp. Takka vere norske kokkar og hotellsjefar i verdsklasse konkurrerer opplevingane innanriks så til dei grader med det vi er vande til utanskjers. Spørsmålet er kvar vi skal reise no.
Svaret er til og på Vestlandet.
Kvifor Vestlandet? Sidan altfor få har teke turen, og sidan mange av dei som har vitja landsdelen, kanskje berre har sett turistmagnetane Preikestolen eller Geiranger, vore ein snartur innom Bergen og så vidt skrensa innom ein vilkårleg fjord eller to. Vestlandet har tallause attraksjonar og fortener så mykje meir enn eit tilmålt besøk. Litt som om å bli invitert på hagebesøk og berre sjå solsikkene, ikkje dei 98 andre plantetypane som verten er så stolt av.
Verdsklasse. I boka Bortom allfarveg Vestlandet tek eg føre meg alle 99, med tipsa fordelte innan kategoriane overnattingsstader, mat og drikke, natur og friluft og opplevingar. Ikkje berre har naturen vore generøs med landsdelen, menneska i vest er innovative så det held og stae som få. Har dei først sett seg eit hårete mål så jobbar dei til krampa set inn med å få ferdige gourmetrestaurantar i verdsklasse, eksepsjonelle hytter som kombinerer arkitektur og wow-natur eller hemmelege turtilbod som tek gjestane til dei villaste og vakraste utsiktene på kloten, med champagne i glasset som overrasking på fjelltoppen eller matpakkeplassen.
Pandemipåverknad. Den verdsomspennande pesten har gjort noko med ferievanane våre. I «gamle dagar» var det berre turar til utlandet som var synonyme med ferie for mange av oss. Men «tvangsturane» innanriks somrane 2020 og 2021 gjorde at vi opna augo for alle mogelegheitene her heime. Vi visste sjølvsagt om mange av tilboda, men tenkte at dei låg så nært og lettvint tilgjengelege at vi alltids kunne vitje dei seinare. Når turane fekk ein pandemitjuvstart fekk mange av oss ei aha-oppleving. Tenk at Noreg verkeleg er så flott, rått og spektakulært. Og kven kunne vel trudd at så mange overnattingsstader her heime er så mykje meir enn berre ei seng? At vi snakkar om bortgøymde og fredfulle fristader, som arkitektoniske oasar til inspirasjon med terapeutiske biverknader.

Forfatteren på tur i den norske fjellheimen

Garfors med sin nyeste bok om Vestlandet
Kva med utlandet?
Sjølv har eg òg reist årevis elles i verda, til kvart einaste land. Skal vi først ta turen utanriks kan det vere mykje å hente med å oppsøke land utanom den vestlege verda. Truleg er det den beste måten å forstå kor godt vi har det i eit demokratisk i-land med høge inntekter, sterke pass, velutbygd infrastruktur, mange feriedagar, ytringfridom, trusfridom og noko som liknar likestilling. For lite aukar forståing og lærer deg meir om verda og oss sjølve enn å sjå inn, utanifrå. Kanskje ikkje så komfortabelt som ein ferie til Spania, USA eller Vietnam, men uendeleg mykje meir lærerikt. I alle fall om vi legg blygskapen heime og snakkar med dei som bur der. For det er alltid dei lokale som har ekspertisen på nærområdet, uansett om du er på Vestlandet eller i Vanuatu. I boka Ingenstad reiser eg så langt frå den vestlege verda som det går, til verdas 20 minst besøkte land. Og gjett om eg ikkje traff spennande og innsiktsfulle menneske der også.
Eit lågthengande privilegium. Å ikkje reise ville for meg ha vore ei fornærming mot nysgjerrigheita, kreativiteten og intellektet mitt. For ingenting aukar sjølvinnsikta som det å reise. Kjensla ein får når ein ser, luktar, føler, smakar eller oppdagar noko nytt. Eller oppdaginga av at ein stad har endra seg sidan siste besøk. Før det demrar at ingenting har endra seg like mykje som ein sjølv. Stordelen av menneska i verda kjem aldri til å få opplevd noko anna land enn der dei bur. At vi i det heile har høve til å reise og utvide eigen horisont er eit privilegium vi bør tenkje oss vel og lenge om før vi eventuelt takkar nei til.
Sjølv om det å reise på ingen måte krev kryssing av internasjonale grenser. Kulturskilnadane er store sjølv i vesle Noreg. Nordbuarar frå Nordstrand og Nordreisa har gjerne mindre til felles enn sjeler frå Sør-Noreg og Sør-Sudan.

Gunnar i Afghanistan
Reis, berre reis. For den einaste turen du vil angre på er den du aldri tok.

Gunnar Garfors for Notabene
19. april 2022