Alt på første sida i boka bestemmer hovudpersonen seg for at det er jamt slutt, over og forbi. Han er reie til å kutte tvert, takka for seg og gå bort. Det er det einaste sømelige og det einaste vakre, tenkjer han. No ser han fram til å vere slutt og over. Vere høgt elska og djupt sakna. Vere sol, støv, vatn og himmel. Vi følgjer han gjennom dette rare døgnet, som må bli hans aller siste.
Bergfrid og forteljaren i boka har høyrt at jorda er innhol, og lese om reiser til jordas indre. No planlegg dei sin eigen ekspedisjon. Om forholdet mellom Bergfrid og forteljaren, og korleis det utviklar seg.
Boka inneheld dikt for ungdom. Forfattaren ser tilbake på ein oppvekst med utsikt over Klara Ku si klessnor og Langbein sin peanøtthage, og fortel kva han ser.
Dette er den andre boken om den lille klassen med syv elever. Nå skal det komme en ny elev i klassen, og alle tenker veldig mye på det. De gleder seg og gruer seg og er nysgjerrige hvem den nye eleven vil velge som venn. Boken er en frittstående oppfølger til "Under påskemånen".
Denne boka handlar om sju barn, om forteljingane deira og om månen. Sju forfattarar avtalte å skrive om kvar sitt barn og kva desse barna opplevde i påskeferien. Ein åttande forfattar dikta opp ein lærar. Etter ferien møtest dei så for første gong.